Den tredje langturen vår i år (utanom Flekkefjord, som jo óg er litt utføre vårt aksjonsområde..) enda opp på Solåsen Leirplass, i eit lite søkk, attmed skogen, mellom åkrane, midt mellom Larvik og Sandefjord. Det kan somme stunder vera krevjande for oss fjordingar å koma ut i nye dalføre med ukjende målføre. Men møtet med austlendingane gjekk strålande, og når sjølv danskane kom på talefot, forstod me at dette måtte gå bra! Og det trur eg det gjorde, me fekk treffa mange kjekke folk, sjølv om det kanskje var få folk på Bibelcamping denne GeneralForsamlingshelga. Men folk var det mange av på laurdagskvelden, med Kveldingar, Hvarnesingar og andre meir eller mindre lokale austlenderar på plass for å høyra Guds Ord, og for å syngja om Jesus.
Ein stor parameter i trivselsfaktoren på Solåsen er sjølvsagt den halve, Veritasgodkjende, plastrøyren som ligg oppetter skråningen attmed campingplassen her. Og det at kun ein av tri gassvarmarar virka gjorde opplevinga enn kjekkare for oss på-sjåarane. Programbladet for Bibelcampen skryt på seg at dette er NLM's sprekaste vatnssklie.. Og eg trur me langt på veg kan flokka henne inn under topp 10 i Noreg, utan at eg har undersøkt dette svært nøye. Ho er iallefall 60 meter lang, og har ein betydeleg høgdeforskjell..!
Men tida går fort, og denne helga er óg over, og sommarferien er eit fakta for fjordingane. Litt godt, men litt trist på same tida, det er kjekt å syngja ilag, spesielt på slike fine arrangement som bibelcamping på Solåsen er.
I slutten av august skjer det fleire spanande ting. Evangeliske Songar i Sør, ESiS, skal haldast laurdag 29. august. Det vert nok óg litt andre forhold enn me er vande med inne i dei trygge fjordane. Der skal me syngja med oss sjølve, men óg skal strengespelarane våre spela under for eit barnekor, Juniorgruppa frå Lura.. Så det ser me fram til med spenning!
søndag 12. juli 2009
Abonner på:
Innlegg (Atom)