
- og song av Fjordingane på laurdagen..
- no på verdsveven
Neste helg skjer noko rart. Me er bedne å vera med på Singing in the City - igjen! Kven skulle ha trudd det? Vel, me takkar hjarteleg for invitasjonen, og me vil vidare invitera alle slags menneske til å koma på Singing in the City i IMI Forum, Stavanger, 12.-14. februar 2010. Me skal delta på følgjande konsertar laurdag 13. februar:
Den tredje langturen vår i år (utanom Flekkefjord, som jo óg er litt utføre vårt aksjonsområde..) enda opp på Solåsen Leirplass, i eit lite søkk, attmed skogen, mellom åkrane, midt mellom Larvik og Sandefjord. Det kan somme stunder vera krevjande for oss fjordingar å koma ut i nye dalføre med ukjende målføre. Men møtet med austlendingane gjekk strålande, og når sjølv danskane kom
No skjer det snart, om ei knapp veke legg me bak oss dei trygge Ryfylkefjordane, og vågar oss ut i verda. Romsdalsturnéen står for døra og bankar. Dei to mest priviligerte pakkar strenge- og dragspel i bilen og rullar nordover på Autobahn á la Norvège, mot uendelege bakkar, u-svingar rundt kvart hjørna, kilometerlange bobilkøar, fossar, dalar og fjordar, og nytt ferjesamband kvar 2. mil.. Ca.
anjo, 1 mandolin, 1 toradar, 4 munnspel, 9 menn og 2 koner i ein Toyota Camry, om han er aldri så mykje stasjonsvogn..