No skjer det snart, om ei knapp veke legg me bak oss dei trygge Ryfylkefjordane, og vågar oss ut i verda. Romsdalsturnéen står for døra og bankar. Dei to mest priviligerte pakkar strenge- og dragspel i bilen og rullar nordover på Autobahn á la Norvège, mot uendelege bakkar, u-svingar rundt kvart hjørna, kilometerlange bobilkøar, fossar, dalar og fjordar, og nytt ferjesamband kvar 2. mil.. Ca.
Resten av gjengen, pluss eitpar koner, tek kortaste veg mellom A og B, luftvegen. Og det er forsåvidt greit. Litt mykje med 1 kontrabass, 3 gitarar, 1 banjo, 1 mandolin, 1 toradar, 4 munnspel, 9 menn og 2 koner i ein Toyota Camry, om han er aldri så mykje stasjonsvogn..
For vår del startar helga med songkveld på Vestnes Bedehus, laurdag 20. juni kl 19:00. Det vert song, vitnesbyrd, og mat for både kropp og sjel. Ta gjerne med heile nabolaget og kom!
søndag 14. juni 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Ver grei å ikkje legga inn førespurnadar her =)